[Heim]  og sorter  

Vilkår for bruk av Diktkammeret

Diktkammeret er ein open, nettbasert skrivestad for poesi. Forumet er drive på ideell basis med eit ønske om å gi poesiinteresserte eit tilbod med låg terskel og utan glastak.

Som ein gratis teneste basert på frivillig innsats kan Diktkammeret ikkje gi garantiar om oppetid, respons eller brukarstøtte.

Ved å poste dikt og andre innlegg på forumet, aksepterer du at du kjem med ei offentleg ytring og gir utan tidsavgrensing Diktkammeret og eventuelle arvtakarar rett til å lagre og vise innlegget i forumsystemet. Du aksepterer også at innlegget kan bli sitert og kommentert i diskusjonen på forumet, vurdert av juryen og presentert som finaledikt eller 'Månadens dikt' og i samband med slik kåring også bli publisert og omtala i medium Diktkammeret har avtale med.

Diktkammeret kan ikkje garantere lagringstid for innlegga. Du gir ikkje avkall på opphavsretten, og all offentleg attgiving av dikt og innlegg utover det nemnde krev di godkjenning i samsvar med vanlege reglar om opphavsrett til åndsverk.

Du har derimot ikkje rett til å krevje eigne publiserte innlegg sletta. Alle grunngitte spørsmål om moderering av innlegg vil bli vurdert med omsyn til om innlegget er krenkande, ufint, ulovleg eller om det finst sterke menneskelege omsyn som gjer det rimeleg å slette det.

Diktkammeret er ein verkstad for dikt. Ved å bruke forumet, aksepterer du at hovudmålet med alle innlegg skal vere å arbeide med eller stimulere til interesse for dikting, poesi og lyrikk. Dette inneber at det er greitt å skrive dikt om kontroversielle emne, og diskutere desse med referanse til innhaldet, men ikkje å gjere diskusjon av politiske, ideologiske, livssynsrelaterte eller andre tema til hovudsak.

Diktkammeret er ein verkstad bygd på takhøgd, toleranse og gjensidig respekt. Konstruktiv og sakleg kritikk er nødvendig og velkome. Ved å poste dikt og andre innlegg aksepterer du at dei blir gjenstand for kritikk. All kritikk skal likevel ha hovudmålet for auget, sjikane og personåtak er ikkje akseptabelt. Forumets moderatorar har difor rett til å slette innlegg og trådar som ikkje støttar opp om dette målet.

SISTE INNLEGG
Fleire innlegg
SISTE UTHEVA
Fleire innlegg