DIKTKAMMERET

Velkommen! Diktkammeret har sidan 6. februar 2001 vore eit ope forum for dikt ('Meir om Diktkammeret' under). Diktlærar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad kårar juryen eit utval finaledikt og ein månadens poet. Frå hausten 2017 intervjuar Klassekampens laurdagsbilag Bokmagasinet månadens poet, og månadens dikt blir prenta i spalta Poetisk praksis. Diktkammeret er for dikt. Krenkande eller ufine innlegg vil bli sletta. Vil du bidra til drifta? Det kan du! 



Frå 6. februar 2001 til 1. april 2015 var Diktkammeret drive av Dagbladet, og fram til 31. august same år låg det på Dagbladet.no. Den epoken er over, men Diktkammeret lever framleis, no som ein sjølvstendig nettstad, på diktkammeret.no

Diktkammeret vart den 07.03.2017 stifta som sjølvstendig juridisk person med det formål vidareføre drifta av ein open, nettbasert skriveverkstad for poesi under namnet Diktkammeret. Foreininga Diktkammeret skal etter vedtektene ta seg av drift og administrasjon av skriveverkstaden Diktkammeret (diktkammeret.no), inklusive diktlærarverksemd, juryarbeid og tekniske oppgåver, vidareutvikle verkstaden og arbeide for finansiere drifta og utviklinga på måtar som er foreinleg med føremålet.

Organisasjonsnummer: 918742700
Bankkontonummer: 3930 06 27904
Kontaktadresse: post@diktkammeret.no

Sjå også:
Helge Torvunds leksjonar
Kammerpoetar som har debutert
Å våga seg ut i ord (Diktkammeret ti år)