Om dikt og songtekstar
Eit godt dikt, kan vera ein ubrukeleg songtekst
Eit god songtekst kan stå seg dårleg som dikt
men så har du dei som skriv songtekstar
som og står seg som dikt
og gode dikt som og er gode songtekstar.
Eg balar med både songar og dikt, og har etter kvart landa på at det å skriva songar og det å skriva dikt, for meg, er to ganske ulike handtverk. Når eg skriv songar er det dei harmoniske ideane/melodiane som opnar for orda- skjeldan andre vegen.
Diktet lenar seg berre på pennen.
Her ein teksten på song eg har skrive. Eg likar songen godt. Men eg ville antageleg ikkje tatt med teksten i ei diktsamling
Berre ein gut
Eg kan glømma når eg tenke tebake
han som stod der va berre ein gut
16 år og klar for å bryta ut
Kan glømma han som stod der og famla
endo ikkje eigde egne svar
16 år og ikkje meint å bøya av
Da e greit alt du ikkje klarte
Da e greit at du ikkje forstod
At du prøvde, men ikkje makta
Om du høre, ser eg deg no
Du va berre ein gut
For tidlig, for tungt å bera
den børo som blei lessa på
ikkje skodd for å stå i da som trefte deg
då du va klar, men måtte bli igjen
venna deg te da
Da e greit alt du ikkje klarte
greit at du misforstod
At du prøvde, men ikkje makta
Om du høre, ser eg deg no
Du va berre ein gut
No vil eg ta deg med
la deg få kjenna da finst tid
Visa deg veien som stengde
ligga der åpen og fri
Da e nok da du likavel klarte
nok at du stod imot
At du prøvde, da du makta
Eg e lei for tio som for
Om du høre ser eg deg no
du va berre ein gut
E
